Lysløypekarusell 2017

februar_067Hei, vi vil ønskje alle nye og gamle skiløparar velkomne til ein ny skisesong!

Nedanfor ligg oversikt over lysløyperenna 2017. Også i år blir det i samarbeid med Harpefoss og Gålå idrettsanlegg, dvs at nokre renn blir i Lia, nokre i Hardvollsmorka og nokre på Gålå. Dersom det ikkje er føre i Lia, flyttar vi til Hardvollsmorka og er det ikkje føre der heller så blir det på Gålå. Vi kryssar fingrane for ein fin vinter. Følg med på heimesidene for oppdateringar før renna.

Skileiken startar ca kl 17.30 og lysløyperennet startar  kl 18.30. Påmelding innan kl. 18.15. Tidtaking på alle renn (men ikkje rangering for dei minste). Det er skileik for dei minste før eventuell start i lysløypa.

Alder på barna er det året som dei fyllar i 2016. For barn opp til og med 7 år blir det ei løype som passar for årstrinna. 8 ,9 og 10 år går 1km, 11 og 12 år går 2km, 13 og 14 år går 3km. 15 år og eldre går i utgangspunktet 5 og 10km.
Ansvarleg  for skileiken er alle foreldrene som er tilstades! Langrennsutvalet har sett opp arrangørstab og håpar at alle kan møte på sin plass. Gi beskjed dersom det ikkje passar! Vi håpar dette vil gå like greit som før om åra.

Kuldegrense er minus 15.

Vi håper i tillegg at flest mulig blir med på andre renn rundt om i Gudbrandsdalen også. På alle renn betalar klubben startkontigenten slik at det er gratis for løparane å gå. For løparar i alderen 8 til og med 12 år er det premie til samtlege. For dei andre er det litt forskjellig kor mange som blir premiert. Sj eigen oversikt som blir lagt ut på heimesidene. 

Lysløyperenn_2017.pdf

Langrennsutvalget